I denne serien finn me også bøkene Nei! sa Veslemonster og Store monster græt ikkje. Her møter vi Veslemonster og Storemonster, som blir sjuke av monsterpesten og fryktar at skumle tjuvar skal bryte seg inn hjå dei.
Heile tida er det vennskapet som reddar dei. Det er vennskapet som gjer at Veslemonster kjem med blomar, frukt og kaldt vatn når Storemonster er sjuk, og når skumle tjuvar går rundt dørene, er det godt å ha Storemonster på besøk.
Serien skapar eit bilete av ufarlege og sjarmerande monster, monster som sjølve er redde for skumle skuggar på utsida av vindauga, og som blir glade for sjukebesøk når dei blir ramma av monsterpesten. Det viser oss at alt som høyrest farleg ut, ikkje nødvendigvis er det.
Teikningane er akkurat passe mørke og skremmande, men alltid med ein fargerik vri. Blant anna fører monsterpesten med seg eit utslett med rosa prikkar.
Dei små lesarane vil fort kjenne seg att i korleis det er å vere sjuk og ikkje minst mørkeredd. Og raskt vil dei bli glade i monstera med alle sine redslar og kvardagslege utfordringar.
Monster i mørket og
Monsterpest
Av: Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir
Skald 2012