Denne boka gjev svar på mange kloke spørsmål om mat. Klara får vere med bestemor og bestemor i gardsbutikken deira, og der finn ho ut mykje rart både om kor maten kjem frå og korleis ein lagar maten.

Teresa Grøtan har også skrive boka Klara kan mykje rart om klede. Med desse historiene viser ho barna verdifull kunnskap som diverre held på å forsvinne i gløymeboka. Det blir viktigare og viktigare å vise borna at maten ikkje kjem frå frysedisken på butikken.

 

Visste du at jordbær eigentleg ikkje er bær, men falsk frukt, at honning er biespytt, eller at ein må ha løype i mjølka for å lage ost?

Klara veit alt dette. Besteforeldra er flinke til å svare på alle spørsmåla hennar, og me får lov til å vere med henne og bestemora på besøk til så vel eit ysteri som ein ekte sjokoladefabrikk.

Denne boka vil gje grobotn til mange samtalar om mat og matvanar med borna. Dette er kunnskap både ungar og vaksne vil ha glede av. Ja, kanskje er det overraskande fakta i boka også for dei vaksne som les høgt for borna?

Boka kunne vore illustrert på ein litt meir spanande måte, og framsida kan kanskje framstå som litt rotete. Men her er det innhaldet, den gode historia og alle dei overraskande faktapunkta som er drivkrafta.

Å få kundar til ein liten gardsbutikk er ikkje alltid like enkelt. Vil Klara klare å få kundane til å besøkje bestemor og bestefar sin butikk?

Av Teresa Grøtan
Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: