Dette er ei fargerik biletbok der me møter vesle Storm, ein gut som føler at han ikkje blir teken heilt på alvor. Veslesøstera meiner han ser ut til å vere frå ein annan planet, bestefaren at han bør klyppe seg, og tanta at han er for vill. Berre fordi håret hans står til alle kantar, og at han har litt mykje energi.

Storm sjølv er derimot overbevist om at han er ein ekte prins – og ein marsbuar. Marsbuarar har nemleg antenner på hovudet, og ein modig musketer kan ikkje sitje og greie håret, han må i staden balansere på sofaryggen og svinge sabelen.

Boka har store og rause illustrasjonar, i varme fargar. Illustrasjonane klarer godt å fortelje historia om Storm sin kamp for å få vere seg sjølv og høyre til i familien. Og når det stormar som verst og alle meiner noko om han – at han må til frisøren, at han må klare å sitje stille, og at han ser ut som eit bustetroll –, ja då er det det beste av alt at ein kan krype opp i mor sitt fang og få trøyst.

 Målgruppa for boka er born i alderen 3–6 år. Dei fleste vil nok kjenne seg att i situasjonen der ein ikkje alltid passar like godt inn.

Av Ingunn Røyset
Illustrert av Annlaug Auestad
Samlaget 2012

 

Lik Framtida.no på Facebook: