Barnehagar med god bemanning og mange pedagogar gir barna høgare karakterar på skulen.
Danske forskarar har funne ut at det er ein samanheng mellom kvaliteten på barnehagane og karakterane til borna ti år seinare.
– Jo høgare kvalitet det er på barnehagane, desto bedre for den psykiske helsa til barnet, og desto mer lønnsamt for samfunnet. Me ser frå studier gjort i blant anna England at langtidsverknaden av tidleg innsats berre blir oppnådd viss kvaliteten på barnehagane er gode. Det betyr blant anna kompetent personell, seier Arne Holte, assisterande direktør ved Nasjonalt folkehelseinstitutt og professor i helsepsykologi ved Universitetet i Oslo til Utdanning.
Dei danske forskarane identifiserte fem kvalitetsindikatorar for barnehagene: talet på pedagogar og assistentar per barn, andelen mannlege pedagogar og assistentar, talet på utdanna pedagogar, talet på pedagogar og assistentar med minoritetsbakgrunn og graden av stabilitet eller utskiftning av dei tilsette.