Dina oppdagar ein fugl utanfor vindauget sitt ein dag, ein fugl som blir hennar hemmelege ven. Saman med kameraten William byrjar ho å utforske fuglane og skriv det ho finn, ned i ei lita bok. Dette er boka om ei lita jente som blir fuglekikkar, og som undrar seg over alt ho ser i naturen.
Boka er innhaldsrik, med heile 91 sider. Her er ikkje berre den vare og fine historia om Dina, men også fakta om alle dei ulike fuglane og ei oversikt over kva bøker ein kan lese, og kva nettstader ein kan bruke for å finne ut meir om fuglane.
Inger Lise Belsvik, som me kjenner godt frå bøker som Spring, hesten, spring og Jon og den lange julenatta,har teikna 20 norske fuglar og gjeve dei eit eige særpreg som fyller teikningane med liv. Saman med dei gode skildringane vil teikningane gjere det lettare for borna å kjenne att fuglane når dei sjølve skal finne dei.
Boka vil truleg inspirere mange barn til å lære meir om naturen og fuglane – og garantert til å gå ut for å utforske meir på eiga hand. Boka passar best for born mellom 9 og 12 år.
Erna Osland debuterte i 1987 og har skrive mange kritikarroste bøker både for barn, ungdom og vaksne.
Av Erna Osland
Illustrert av Inger Lise Belsvik
Samlaget 2012