Ragnar Hovland lurer på om ein alltid treng å fortelje sanninga til borna.

– Det grunnleggjande spørsmålet her er: Er det alltid ein god ting å fortelje sanninga? Skal den fram for ein kvar pris? Og svaret er: Nei, det skal den ikkje. Ofte kan ei løgn ha større verdi. Ein blir ikkje nødvendigvis lykkeleg av å høyre sanninga. Ein blir ikkje nødvendigvis så mykje klokare heller, skriv Ragnar Hovland til barnebokinstituttet.no

Han brukar Roald Dahl som døme. 

– Roald Dahl er utan tvil ein sadistisk forfattar. Og kanskje nettopp derfor er han høgt elska av barnlege lesarar. Og vaksne for den del. Roald Dahl legg vekt på at dei vonde skal straffast på utspekulert og skikkeleg vis. Om dei vonde t.d. skulle omvende seg og bli snille, ville nok lesaren kjenne seg ganske så utilfreds. Dei må berre få seg ei lærepenge for livet. Kanskje aller helst forsvinne.