Kari Stai har fått Kritikarprisen 2012 i klassen beste barne- og ungdomsbok for Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

 

 

 Stai fekk også Brageprisen for boka som meldarane kallar ein kommande klassikar. Boka er også selt selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark. Jakob og Neikob har også vore på NRK Barne-TV og finns som bokapp.

Les bokmeldinga om Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake

I boka møter me Jakob som seier JA til alt, og Neikob som alltid seier NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong.

Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob lærer at av og til må ein seie NEI.

Kari Stai kombinerer ei enkel, stramt komponert forteljing med stiliserte og fargerike illustrasjonar. Resultatet er ei visuelt spennande biletbok som på humoristisk og absurd vis tek opp tema som vennskap, grensesetjing og verdien av å vere ulike, heiter det i ei pressemelding frå Samlaget.

Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris. Ho står også bak peikebokserien Mopp og Mikko.

 

Oppdatert: laurdag 15. september 2018 17.17