Trass i at regjeringa har brukt fleire hundre millionar kroner på språksatsing i barnehagen, snakkar sju av ti minoritetsbarn så dårleg norsk at dei må få særskilt språkopplæring i skulen.

Sidan 2006 har regjeringa brukt 400 millionar kroner på tilbod om gratis barnehage i bydelar i Oslo, og etter kvart i Bergen og Drammen, skriv Aftenposten. Tilbodet skulle førebu barn til skulestat, betre norskkunnskapane til minoritetsspråklege barn og auke sosialisering. Evalueringa kjem først neste år, men det er klart at språksatsinga ikkje har lykkast.

– Vi har mislykkast med å sørgje for å lære barna godt nok norsk til å klare seg på skulen, slår barneombod Anne Lindboe fast.

Ho meiner dagens tilbod om kjernetid til utvalde bydelar ikkje fungerer.

– Å begynne i barnehage dei siste par åra før skulestart er ikkje godt nok. Vi risikerer å vere med på å skape skuletaparar, seier ho.

Oslo-byråd Torger Ødegaard (H) er også uroleg.

– Dette er alvorleg både for samfunnet og for barna. Forsking tyder på at svake språkkunnskapar i førskulealder kan vere ein medverkande årsak til fråfall seinare i utdanningsløpet, seier han. (NPK)

 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: