Måndag, tysdag og onsdag i påska inviterer Lurivar små og store born til Aasen-tunet for å vere med på å løyse eit stort mysterium som har kome i vegen for Lurivar sine late kattepåskedagar.

 

Den utspekulerte og lure påskeharen har vore på besøk i tunet og lagt igjen ei mystisk melding til Lurivar. Der står det at påskeharen har gøymt påskeegg rundt om kring i Aasen-tunet og han vil at Lurivar skal finne desse egga. Inni egga ligg det noko han veit Lurivar likar svært godt, heiter det i ei pressemelding. 

Lurivar er rett nok ein katt med både godt utvikla syn og luktesans, men han treng hjelp til å finne egga og løyse mysteriet saman med ivrige born. Heldigvis har Lurivar gode hjelparar som kan vere med på å finne ut kven denne mykje omtala påskeharen eigentleg er. Kanskje finn dei svaret på kvifor haren har lagt igjen påskeegg til Lurivar?

I fjor var første gongen Aasen-tunet inviterte til påskeframsyningar med Lurivar. – I år gjentek vi suksessen med ei heilt ny og aktiviserande framsyning med både eggjakt og skodespel. Etter framsyninga vil borna få høve til å halde på med formgivingsaktivitetar, seier formidlar Marita Bett Jensen. I kafeen blir det også høve til å kjøpe Lurivars lure vaflar.

Maria Halseth frå Ørsta spelar Lurivar, og Silje Silden frå Måløy spelar Lurivar sin medhjelpar desse påskedagane.

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar