Dette er ei varm og jordnær historie om Olava og bestefar.

Olava er sju år, ho er oppkalla etter bestefar Olav som lærer henne å køyre traktor. Han har også lært henne at havet er salt, at traktoren har hestekrefter og at namnet hennar tyder etterkommar.

Lajord teiknar trygge rammer rundt eit tun der Olava bur saman med familien sin i det eine huset, og bestefar og bestemor bur i det andre. Dei er besteforeldre av den gamle sorten, medan bestemor lagar kålstuing kjem bestefar inn til middag, klokka halv tre, kvar dag. Olava og bestefar har sin eigen stein, ein ekte favorittstad der dei kan snakke om alt.

Men så skjer det som er så trist. Bestefar blir sjuk og døyr. Lajord bruker naturen aktivt i bildebruken og lar vinteren kome når bestefaren døyr, det er eit klassisk grep, men det fungerer også for dei minste lesarane.

Død og sorg er vanskelege tema, men Lajord klarer å gjere dei kvardagslege og nære. Ho skildrar døden uten å pakke den inn, men også utan å gjere den farleg. Mange har i dag eit distansert forhold til døden, i denne boka er det til og med utsyning med open kiste – noko som ikkje er så vanleg lenger.

Teikningane av Line Halsnes er vare og nære dei også, og klarer å bygge opp under historia.

 

Av: Marit Heier Lajord og Line Halsnes

Samlaget 2013

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: