2012 ser ut til å bli eit rekordår i eksport av norske barnebøker. 

Framleis er Karius og Baktus på eksport-toppen, men fleire bøker gjer det også bra. Bøker som  «Doktor Proktors prompepulver»,  «Garmanns sommer» eller «Tonje Glimmerdal» vart eksportert over mange landegrenser i fjor.  Til saman selde norske forslag 186 barne-og ungdomstitlar til utlandet i fjor, skriv NRK. 

– Cappelen Damm har ei sterk barnebokliste, det ser ein att i eksporten vår, seier rettighietssjef Kristin Weholt i Cappelen Damm Agency. Ho seier til NRK at salet til utlandet aukar.  

– Me sel mest til Norden, men også Tyskland, Frankrike og Sør-Korea er viktige marknadar for oss. Dessutan merkar me oss ei auka interesse frå engelskspråklege territorier, seier Weholt

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: