Barnehagebarn over heile landet får råd av Donald Duck for å bli tryggare og meir medvitne på internett.

 

Barn beherskar teknologi på ein heilt annan måte enn for berre få år sidan. Men det betyr også at det er viktig å starte endå tidlegare med å utvikle medvitet deira i nettvett, meiner IKT i utdanninga.

Saman med ei gruppe samarbeidspartnarar bruker dei eit spesiallaga Donald-hefte til å nå fram til barn i fire-fem-seksårsalderen og foreldra deira.

– Mobiltelefonar, nettbrett, pc-ar og internett er ein naturleg del av livet til dei fleste barn, også dei heilt små barna, seier Trond Ingebretsen, direktør ved Senter for IKT i utdanningen.

Lurt av Magica frå Tryll
Donald-heftet vert i desse dagar sende ut til alle barnehagar her i landet. Heftet inneheld mange nett-råd, temaoppgåver pluss ei forteljing der Donald dummar seg ut på sosiale medium.

Historia handlar om korleis Donald vert lurt til å gi frå seg passordet til Onkel Skrues pengebinge. Donald trur han snakkar med Dolly på nettet, men bak profilen på Duckbok er det i verkelegheita Magica frå Tryll som skjuler seg.

– Det er ikkje alle som gir seg ut for å vere den dei er. Det er eit klassisk donaldplot, men det illustrerer også alvoret, seier Ingebretsen til NTB.

Barn heilt ned i eittårsalderen bruker elektroniske duppedingsar med internettilgang. Ofte er barna meir nysgjerrige og raskare til å lære digitale funksjonar enn dei vaksne, meiner Ingebretsen. Han ser dermed eit stort behov for at barn saman med vaksne lærer seg gode brukarvaner tidleg.

Inngangsport til nettet
– Mobilen og nettbrett er naturlege inngangsportar til internett for mange barn, stemmer Heidi Austlid i, direktør for styresmaktkontakt i IKT-Norge.

Sjølv i ung alder flyttar barn seg enkelt mellom søkjemotorar, filmtenester og spel. Ho håpar barna vil like historia med ein kjent og ufarleg teikneseriefigur. Meininga er at heftet også skal vere utgangspunkt for diskusjon og samarbeid mellom heim, barnehage og dei lågaste trinna i skulen.

– Vi ser at ungar er glade for å ha noko fysisk i hendene. Eit Donald-blad er noko ein kan ha med på hytta, ta med på sengekanten og bruke på mange ulike måtar, seier ho.

Bevisste foreldre
Like viktig som å lære barna nettvett, er det å nå fram til foreldra, meiner Ingebretsen og Austlid. Dette vert også understreka i heftet. Små barn bør ikkje vere på internett aleine.

– Barn får ikkje gå i byen på eiga hand, eller kva? Det er heller ingen grunn til å overlate ansvaret for å utvikle nettvett og gode brukarvaner til barna aleine. Ta turen på nettet saman! heiter det i heftet.

300.000 eksemplar av nettvettheftet vert sendt ut til barnehagebarn. IKT-Norge og IKT i utdanninga har samarbeidet om prosjektet med Medietilsynet, Foreldreutvalget for barnehagebarn, NetCom, Google og Redd Barna. (NPK)

 

Lik Framtida.no på Facebook: