NRK-serien Vaffelhjarte er kåra til den beste barnefiksjonen under Nordisk Barne Medie Festival 2013 i Danmark.
Laurdag blei det klart at serien vann prisen for beste fiksjon for barn frå 0 til 6 år, skriv Sunnmørsposten. Tv-serien er basert på debutboka til Maria Parr frå Vanylven på Sunnmøre. Boka kom ut i 2005, medan serien blei spelt inn på fugleøya Runde i 2011.
I fjor fekk Vaffelhjarte Gullruten-prisen for årets beste barne- eller ungdomsprogram i Noreg. Serien har òg vunne pris for beste fiksjonsproduksjon under ein filmfestival i Tyskland. (NPK)