Under den sjuande Falturiltufestivalen blir temaet : Eg fann, eg fann. Noko som passar festivalforfattar Einar Økland godt.

 

Økland som sjølv ein aktiv samlar kan ein oppleva under opningsfestkonserten i Kulturhuset, søndag 3. november, blant anna saman med Frode Grytten og Mads Berven som vil framføra førestillinga Gabba Gabba Hey! Han er også gjest med populærorkesteret Finn- Erix, saman med grunnlovsaktuelle Are Kalvø og 75-årsjubilant og plateaktuelle Oddvar Torsheim, på Arena, fredag 8. november.

I tillegg vil festivalforfattaren bidra på det faglege seminaret ved Høgskulen Stord/Haugesund saman med Akin Düzakin, Åshild Kanstad Johnsen og Øystein Runde same dag, og tekstane hans vil vera utgangspunkt for årets musikalprosjekt for kunst- og musikkstudentar ved HSH.

Programmet for festivalen er variert. I Stord kyrkje blir det kulturkveld med festivalforfattaren og musikarar, blant anna saksofonisten Ole Jacob Hystad og pianisten Eivind Austad, Dette er i regi av Stord sokneråd. Alle tredjeklassingane i Stord kommune skal jobbe med tekst og bilde frå to av Økland sine biletbøker, Du er så rar og På frifot. Dette vil munna ut i utstillinga Eg fann, eg fann! i festivalveka.

I Galleri Giga har ein fått samla ei unik utstilling med illustrasjonar frå Økland sine tidlege barnebøker. Kari Bøge, Wenche Øyen, Oddvar Torsheim og Gerhard Stoltz er representerte.

Bok- og fotballfesten Ballturiltu har vore ein kjempesuksess dei siste åra, og også i år vil det bli fotballøkt og lesestund på Vikahaugane, denne gong med lokale fotballbokdebutantar. Nytt av året er bok- og hestefesten Stallturiltu. Her vil det bli hesteaktivitetar, og veterinær og hestebokforfattar Anne Viken vil underhalda.

Bursdagsfest blir det som tidlegare år, med kaker og saft, song og opplesing. Sjølvsagt for Ivar Aasen som ville fylt 200 år i år.

Sunnhordland museum inviterer til samledag med tittelen Eg fann, eg fann! Storsamlar og festivalforfattar Økland vil her lesa for skulelevar og snakka om si samlarinteresse. Elevane vil også få sjå utstillinga 100 år 100 ting, som er ei jubileumsutstilling i høve museet sitt 100 års jubileum i 2013. Her viser museet 100 ting frå heile museet si historie og fortel historia om dei. I tillegg vil undervisningsavdelinga finna fram eventyr og soger frå den norske kulturarva, som handlar om samlarar, som til dømes Espen Askeladden

Bok & beibi-arrangement for dei aller minste blir i år med Kari Stai, Bragepris- og Kritikarprisvinnar i 2012 med boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake. Alle barne- og ungdomsskulane i Stord kommune får forfattarbesøk, blant anna av Sunniva Relling Berg og Øyvind Torseter.

Lik Framtida.no på Facebook: