Dette er ei surrealistisk historie der alt kan skje. Me kjenner igjen figuren Birger frå boka Dessert. Birger er ein farleg figur, med kraftig underbitt og skarpe tenner. Men no har det kome framande inn i hundehuset.

Sju bøller har teke seg inn i huset og truar både freden og roen. Bo Gaustad er ein einar til å teikne det merkelege, skumle og uventa. Dei sju bøllene syng seg inn i hundehuset med strofer som: Vi er bøller, 7 i slengen. Slemme bøller hele gjengen. Alltid klare til å slåss. Hele verden frykter oss.

Historia inneheld mange små drypp som dette, som gjerne kan minne om regler og rim – og kamprop. Birger lèt seg derimot ikkje så lett skremme og gjer seg klar til kamp; han gjev ikkje hundehuset frå seg slik utan vidare. Kanskje litt gammalost-lukt kan hjelpe?

Bo Gaustad er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule og har forfattarutdanning frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har illustrert ei rekkje biletbøker. I 2008 debuterte ho også som forfattar.

Av: Bo Gaustad

Cappelen Damm 2013

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: