Dette er ei fin historie om eit litt uvanleg vennskap. Jenta Luisa bur saman med Ugla i eit tre. Når Luisa spelar på fiolinen sin, flyg Ugla dansande glad rundt henne. Men så kjem alle kommentarane: Ei jente og ei ugle, dei kan no vel ikkje vere venner? Jenta blir lei seg og reiser frå Ugla.

Så byrjar ei slitsam reise der jenta møter mange fantasifulle personar, blant anna ein stram offiser, ein rotekoppmann og ein liten prins. Men finn ho attende til Ugla og vennskapet? Og saknar Ugla fiolinmusikken?

Biletboka passar godt for dei eldste borna i barnehagen og dei yngste i barneskulen. Ho inneheld flotte og gripande teikningar, teikningar som har noko eventyraktig over seg. Vennskap er ikkje alltid like enkle å halde på dersom alle andre meiner det er dumt. Mange av borna vil kjenne seg att i dette, og boka viser dei at det viktigaste er vennene ein har, og ikkje andre sine meiningar.

Ei bok med mykje hjartevarme og noko til ettertanke  – både for stor og liten.

Luisa og Ugla av Lisbeth Dreyer

Av: Lisbeth Dreyer

Skald 2013

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: