Helga Gunerius Eriksen har skrive over tjue bøker for alle aldrar og i alle sjangrar. No kjem ho med ei fantasirik og fargerik biletbok for barn.

Me møter Peri og Peti, som vågar seg ut i den store verda for å oppleve, smake, føle og lukte på alt som er der ute. Peri og Peti går oppover bakkar, luktar på blomar, kjenner på vatn og hamnar ute på det store havet. Det er spanande å vere ute i den store verda, men når farane dukkar opp, er det viktig å kome seg raskt vekk.

Boka er nesten som eit stykke handarbeid. Ho har tydelege grafiske innslag av ulike materiale, knappar og syteknikkar. Gunerius Eriksen har i tillegg illustrert handlinga gjennom detaljrike teikningar. Borna følgjer visuelt med Peri og Peti når dei vandrar oppover og nedover, når dei høyrer, og når dei luktar.

Forlaget skildrar boka som ei enkel bok om store ting. Det er mykje sant i det. Det er tydeleg at Gunerius Eriksen trekkjer parallellar til peripeti, eit uttrykk som Aristoteles i bokverket Poetikken nyttar til å skildre det store vendepunktet i antikke dramaverk. Tittelen Peri og Peti vender om speler òg på eit slikt plutseleg omslag i handlinga.

Boka gjev ei var og vakker reise gjennom store spørsmål.

Peri og Peri vender om av Helga Gunerius Eriksen

Av: Helga Gunerius Eriksen

Samlaget 2013

 

Lik Framtida.no på Facebook: