Me kjenner igjen Unni og Gunni frå bøkene Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. No kjem boka Unni og Gunni gjer det fint. Desse bøkene er også komne som bokappar. Anna R. Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And.
Pingvinane Unni og Gunni er gode venner som prøver å finne gode løysingar på kvardagsproblem. Historiene og problemstillingane er enkle og lette å fylgje, også for dei minste barna. I boka Unni og Gunni gjer det fint skal vennene pusse opp igloen sin, men kva må til for at dei skal få det fint?
Dei finn både små ting, store ting, firkanta ting og runde ting. Og jo, dei får det ganske så fint, tykkjer dei sjølve. Som i dei andre bøkene er Folkestad oppteken av kontrastar og av å forklare ulike omgrep om storleik og tyngde.
Mange av dei unge lesarane har nok blitt godt kjende med Unni og Gunni og vil gle seg over at dei kjem i ei ny bok. Bøkene er dessutan lette å bere rundt på og bla i for dei minste. I tillegg inneheld teikningane få element, noko som gjer historia lett å fylgje.
Av: Anna R. Folkestad
Samlaget 2013