Samlaget og forlagsredaktør Ragnfrid Trohaug vil gjerne vise fram kva skattar som finst av barne – og ungdomsbøker på nynorsk.

I katalogen viser forlaget fram 200 barnebøker. Målet er å vise fram mangfaldet i nynorske barne – og ungdomslitteratur, og ikkje minst å ta livet av myten om at det ikkje finst gode bøker på nynorsk for denne målgruppa.

– Det finst derimot ein fantastisk grunnstamme med bøker som det er verdt å vise fram til fleire, seier Ragnfrid Trohaug som er stolt over mangfaldet i nynorske barne – og ungdomsbøker.

I utvalet av bøker er det lagt vekt på at bøkene er lett tilgjenglege i dag og at det er bøker som har blitt populære og mykje lest.

Bøkene er oppdelt i kategoriar som peikebøker, biletbøker og klassikarar. Her får ein presentert bøker som Vrimlebøkene, bøkene om Kompisen og ungdomsbøkene til Ingelin Røssland.

– Me håpar at mange oppdagar desse skattane no, ikkje berre dei som jobbar i bibliotek og med formidling, men også foreldre og lærarar, seier ho.

Her kan du bla i katalogen.

Lik Framtida.no på Facebook: