Einar Økland er ein samlar. Heime i huset hans i Sveio i Sunnhordland står samlingane stilte ut for dei heldige som får koma innom. I tillegg til mellom anna gamle blekkboksar samlar han på ord og forteljingar. Dermed vart temaet for årets Falturiltu nettopp: Eg fann, eg fann! Og Økland er festivaldiktar dette året.

Og kva finn du dersom du tek turen til Stord i festivalveka, veke 45? Då finn du litt av kvart, kan eg lova. Alt på opningsfesten sundag 3. november kan du møta Einar Økland. Der er også Frode Grytten og Mads Børven med Gabba Gabba Hey!, og det blir song, musikk og dans av og med ungar og ungdom frå lokale grupper.

Ivar Aasen var også ein samlar. Han samla på ord frå heile landet og sette dei i system. I år er det 200 år sidan han vart fødd, og det blir feira med ein heidundrande bursdagsfest saman med Språkåret 2013.

Dei siste åra har fotballbøkene hatt sin eigen falturiltufest: Ballturiltu. I år kjem Erik Mæland frå Fotballklubben Haugesund, og Kristi Skorpen og Sirilin Aaserud presenterer den flett nye lettlestboka si om fotball.

Har du nokon gong prøvd å laga ditt eige museum? Sunnhordland museum inviterer skuleungar til samledag, der dei kan få prøva å laga si eiga utstilling og får sjå alt det som museet har samla på gjennom mange år.

Studentane på Høgskolen Stord/Haugesund har ein travel haust i vente. Dei skal komponera eigne melodiar til dikt av Einar Økland og produsera sin eigen musikal basert på ei av bøkene hans, og mange heldige skuleungar får lov til å koma og sjå på.

Dei vaksne skal også få sitt, sjølvsagt. Det blir eit eige seminar om samanhengen mellom tekst og bilete og ikkje minst Raltura, avslutningsfesten med Finn-Erix, Are Kalvø, Einar Økland og Oddvar Torsheim. Snakk om å toppa laget!

Heile veka reiser i tillegg inviterte barne- og ungdomsbokforfattarar rundt på skulane og syter for at veka blir prega av gode litterære opplevingar for skuleungar i alle aldrar.

Har du lyst til å vera med, sa du? Det er berre å koma! Han som leitar, han finn, og du veit aldri kva tid du får bruk for det du har samla på.

Hege Myklebust er prosjektleiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu

 

Lik Framtida.no på Facebook: