Eg blir stadig kontakta av barnehagefolk eller foreldre som med vantru og dårleg skjult stoltheit kan fortelje om småborna sine, gjerne under 1 år, som brukar fingeren til å sjekke ut bøker, magasin, TV-ar eller vindauge, men som forfjamsa snur seg til den vaksne: Det skjer jo ingenting?
Stadig fleire vaksne, kanskje særleg nybakte foreldre, oppdagar at smarttelefonen eller nettbrettet deira heilt utilsikta blir favorittleika til borna. På grunn av sin handterlege storleik og enkle trykkefunksjon gjev trykkskjermar borna respons på eiga utforsking med ein gong! Det motiverer til meir øv og prøv!
Vi meiner det er viktig å styrkje born si leseevne gjennom språkstimulering i dette landet. For oss som har sett magien når born blir motiverte til å samtale og fortelje etter å ha trykt i veg og kome gjennom for eksempel ei digital historie på eit nettbrett, er det naturleg å ønskje meir forsking og satsing på korleis digitale verktøy kan styrkje språkutvikling. Fordi mange nå ikkje lenger snakkar om ein digital barnekultur, men om eit samfunn der alle grupper stort sett omgjev seg med skjermar eller dingsar, og det slik kan hevdast at barnekulturen i seg sjølv er digital, kan ein stusse over at det er bøker i papirversjon som får mest merksemd når nye tiltak skal styrkje born si leseevne.
Sjølvsagt skal born lese bøker, og sjølvsagt skal vi lese saman med born! Men viss vi verkeleg ønskjer å ta born på alvor og gripe fatt i deira eigen erfaringsbakgrunn, bør vi ikkje utvide det å lese saman eller leike med språk til eit verktøy som dei treng øving og kunnskap på til dei seinare oppgåvene i livet? Det er ingenting i vegen for å lese ei bok på papir og på brett annankvar gong. For tenk deg sjølv, dersom du må velje anten papir eller det digitale i kvardagen din?
Det finst mange gode bøker, både i papirversjon OG i appform. Kva med å spørje borna om likskapar og ulikskapar? Vil ikkje det fremje språkstimulering og refleksjon? Dessutan finst det mange tilleggsaktivitetar for borna på mange appar, noko som gjev ein meirverdi samanlikna med bøkene. Det er dei vaksne sitt ansvar å finne ut kva behov barnet har, og kva som passar best for å møte dette. Vi treng ikkje tenkje anten/eller!
For sjølv om vi lett kan tenkje at 1-åringen er superbrukar på skjermane, og at dei faktisk ikkje kjenner til ei verd utan, handlar det om å ruste kvart enkelt barn med mangfaldige og relevante erfaringar, slik at dei best kan møte framtida. Så kva med Ja takk, begge delar?
Barbro Hardersen er Seniorrådgiver ved Senter for IKT i utdanningen