Odd Nordstoga debuterer med eiga bildeforteljing i verseform. Forteljinga kjem også som app.

 

Biletforteljinga Eg og Pontus er illustrert av Rune Markhus og sunge av forfattaren sjølv.
 
Har du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på han og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i han og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av, skriv forlaget Gyldendal om boka.
 
Eg og Pontus er ikkje slik som du. Dei tenkjer seg aldri om to gonger. Dei gjer alt det du fann ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus gjev jernet. Dei vekkjer til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag.
 
Eg og Pontus går for gull er ei forteljing om å ikkje gro fast i stolputa, om å kome seg ut og lage minst eit eventyr kvar dag. Om at ein av og til må vera skikkeleg uskikkeleg.

Forteljinga er lansert til iPhone og iPad. I 2014 kjem den også til andre mobile einingar. 

 

Lik Framtida.no på Facebook: