Lars Monsen meiner borna har godt av å overnatte i telt, også på dei kaldaste vinterdagane.

 

Lars Monsen har god og lang erfaring med villmarksliv, også på kalde vinterdagar. Han oppfordrar nordmenn til å oppsøkje naturen også når det er kaldt, og gjerne med barn.

– Fleire burde prøve overnatting ute på vinteren. Det gir fantastiske opplevingar, og er ikkje så vanskeleg som mange trur. Det einaste ein trenger er ein god sovepose og eit godt liggeunderlag, gjerne eit reinskinn. Og den beste tida er når temperaturen ligg mellom fem og ti minusgrader, då er alt tørt, seier  Lars Monsen til barnehage.no.

Noko Kurt Ivar Morsdal er samd i, han er pedagogisk leiar i Lille Frøbel barnehage i Bodø, og har jobba ute med barn i 20 år. ekspert på. 

– Eg kan ikkje hugse ein dag me har vore inne heile dagen på grunn av vèret. Når det bles slik det gjer i dag, legg me turen til ein skog der me veit at vinden ikkje tar så godt, og så lenge me er i le av vinden er det fint å vère ute, sier Morsdal til barnehage.no.

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar