Wilfred eig ein ekte elg. Ein elg som gjer akkurat som Wilfred vil, eller er det slik det er?

Elgen kom til Wilfred av seg sjølv, og Wilfred kalte han for Marcel. Wilfred lagar klare rammer for korleis husdyret Marcel skal oppføre seg, han skal ikkje lage for mykje bråk når Wilfred speler platesamlinga si, han skal gå akkurat der Wilfred vil at han skal gå, han skal gi eigaren ly for regn og få tak i ting som Wilfred ikkje når opp til.

Somme gonger kan det virke som at Marcel ikkje høyrer etter, kanskje han ikkje vil gjere som Wilfred vil? Kanskje ikkje Wilfred eig Marcel likevel?

Oliver Jeffers har skapt ei historie om kva det eigentleg betyr å eige noko, det er ei morosam og lunefull historie som blir presentert i fargerike teikningar.

Etter kvart viser det seg at kanskje fleire og trur dei eig elgen til Wilfred, og når ulukka er ute spørs det om elgen hugsar noko av det Wilfred har lært han? Kanskje det er like greitt å inngå eit kompromiss, der elgen får lov å fylgje Wilfred sine regler når han har lyst ?

Av Oliver Jeffers
Omsett til norsk av Henning Hagerup
Gyldendal 2014

Lik Framtida.no på Facebook: