Møre og Romsdal fylkesbibliotek lagar eigne temasekkar som skal auke leselysta blant born.

Møre og Romsdal fylkesbibliotek får støtte frå Nasjonalbiblioteket til å arbeide med lesestimulering for born. Biblioteket ynskte å gjere noko for dei minste borna og var på leiting etter inspirerande prosjekt. Inger Lise Aarseth ved biblioteket fortel at dei fann inspirasjon i eit liknande opplegg i Tennfjord barnehage.

–    Me hadde eit besøk i barnehagen og fekk sjå korleis dei brukte ulike figurar saman med bøker i lesestundene. Først var det førskulelæraren som las og fortalde frå ei bok, samstundes som ho brukte figurar som høyrde til i forteljinga. Etterpå var barna med på å fortelje att og spele historia. Me bestemte oss då for å lage boksekkar. I sekkane ligg det ei bok, figurar som høyrer med i forteljinga, og eit skriv om korleis sekken skal brukast. Me har laga boksekkar av tre ulike bøker, og me har planar om å lage fleire.

I den første tildelinga av Nasjonalbiblioteket sine utviklingsmidlar for 2014 var det 70 bibliotek som fekk støtte.

–    Formålet er å utvikle omstillingsdyktige bibliotek og betre bibliotektenester for alle. Det er Stortinget som bestemmer at Nasjonalbiblioteket skal dele ut utviklingsmidlar, og for 2014 har Nasjonalbiblioteket fått 26,6 millionar kroner til prosjektmidlar, seier avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket, Svein Arne Tinnesand.

Leselyst og leseglede
I tillegg til temasekkar for dei minste borna har Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal laga stjernesekkar for dei litt eldre borna. Også her fann biblioteket inspirasjon i eit liknande opplegg, denne gongen i Fron.

–    Me har laga 10 stjernesekkar, som er tilpassa småskulen. Sekkane inneheld ulike bøker, både fag- og skjønnlitteratur, planetar som kan blåsast opp, stjernekart og spel – alt om universet. Dette var nytt på førre bokbåttur, så me har ikkje fått tilbakemeldingar endå, men lærarane som såg dette om bord, var begeistra, seier Aarseth.

Etter kvart kom også tanken om ein kunne gjennomføre dette med fleire tema i småskulen, med utgangspunkt i ulike meistringsnivå og undervisningsopplegg.

– Målet er å gje born leselyst og leseglede i småskulen (1.–4. klasse) ved å tilby sekkar som inneheld bøker og konkretiseringsmateriell. Me vil ha fokus på inkludering, både når det gjeld nivå og kulturell bakgrunn.

Fylkesbiblioteket skal samarbeide med eit kombinasjonsbibliotek i Skodje om å finne aktuelle tema og utarbeide innhaldet i sekkane. Sekkane skal så prøvast ut i nokre få folkebibliotek i Møre og Romsdal og om bord i bokbåten. Det blir dessutan viktig å utarbeide eit evalueringsskjema for skulane og biblioteka. Bokbåten Epos, som har gått i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er no 50 år og stadig like aktuell i litteraturformidlinga på Vestlandet. Størst utlån per stopp på bokbåten finn ein i Sogn og Fjordane.

I tillegg til støtta frå Nasjonalbiblioteket har prosjektet med temasekkar fått støtte frå fylkeskommunen. Målgruppa er born i småskulen, frå 1. til 4. klasse. Aarseth trur støtta prosjektet har fått, fører til at opplegget blir lagt meir merke til, og at det kanskje får overføringsverdi til fleire.

Stor interesse
Tinnesand fortel om stor interesse for å søkje utviklingsmidlar hjå Nasjonalbiblioteket.

– Nasjonalbiblioteket har saman med fylkesbiblioteka arrangert kurs for biblioteka rundt om i landet med tanke på at dei skal kunne utvikle nye prosjekt. Denne hausten var det over 150 søkjarar til midla. Årleg blir det peika på ulike innsatsområde for utviklingsarbeidet i biblioteka. I år har det vore; mangfald og inkludering, leseløftet 2010–2014, nye formidlingsmetodar, biblioteket som møteplass, samarbeid og partnarskap og Nasjonalbiblioteket sine digitale tenester som grunnlag for nye tilbod.

–    I samband med at den nye regjeringa la fram endringar i statsbudsjettet, blei det vedteke at det skulle setjast av 12,1 millionar kroner til å styrke folkebiblioteka som uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt. Desse pengane vil bli lyst ut tidleg i 2014, seier Svein Arne Tinnesand.

Lik Framtida.no på Facebook: