Dette er fjerde boka om Mari og Magnus. No skal dei overnatte borte for første gong, heldigvis er det hjå bestemor og hunden Rusken, så det er ikkje så veldig skummelt.

Dette er ei konsentrert, varm og fin historie som speglar små augneblink i kvardagen på ein fin måte. Hjå bestemor kan dei sove på hemsen, dei får bake boller og passe dei små lamma som bur i løa.

Mari og Magnus ringer her for å seie god natt, og kosar seg hjå bestemor. Men midt på natta vaknar Mari av noko varmt som ligg oppå føtene. Kva kan det vere? Somme gonger kan det vere godt å få litt ekstra trøst av bestemor når ein søv borte frå første gong.

Mange små lesarar vil la seg sjarmere av dei jordnære historiene om Mari og Magnus, her er bileta fargeglade og rike på detaljar, mange av dei minste vil kjenne seg att i utfordringane som Mari og Magnus møter, i dei andre bøkene opplever dei både å få seg katt og møte ein smokketjuv.

Mari og Magnus hos bestemor
Av : Ruth Lillegraven og Inger Landsem
Samlaget 2014