Kulturminister Thorhild Widvey (H) ynskjer eit tett samarbeid med profesjonelle kunstnarar for å sikre at alle born og unge i Noreg får oppleve eit engasjerande kunst – og kulturtilbod.

– Vi ynskjer at alle born og unge i Noreg får oppleve engasjerande kunst og kultur av høg kvalitet, seier Widvey.

– Eit flott døme er Den Norske Opera og Ballett sitt samarbeid med fire osloskular om ei framsyning for femteklassingar. Tenk for ei oppleving det er for borna å få setje opp ein opera! Det er viktig at born og unge får høve til å delta sjølve, både dei som seinare vil bli profesjonelle kunstnarar, og dei som vil ha kunst og kultur som ein kjær hobby.

– Kunst og kultur er til glede og nytte heile livet. Ikkje minst for dei aller yngste, meiner kulturministeren.

 

Lik Framtida.no på Facebook: