Kvifor er kulturformidling for born viktig?
I teateret møter borna ofte ei anna verd enn den dei lever i til dagen. Dei møter menneske med alle slags eigenskapar og personlegdomar, menneske med ulike meiningar og haldningar, sinte, triste og glade menneske, menneske frå ulike samfunnslag og kulturar og menneske med vanskar som dei prøver å finne ein veg ut av. Eg trur at møta mellom teateret og born opnar opp auga deira for at verda er større enn dei sjølve og dei næraste omgivnadene deira. Eg trur at teateret på sitt beste bidreg til at borna blir meir tolerante, og at det kan vere med på å utvikle empatien deira. Det er viktig.
Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater