Kari Stai tek oss med inn i universet til Jakob og Neikob ein gong til. I denne tredje boka ynskjer Jakob og Neikob seg ein sambuar som kan bu i det skumle og tomme rommet på loftet. Men kva er ein sambuar? Som alltid kan kommunikasjonen by på utfordringar sidan Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei til alt.

 

Bestevennene bur i eit høgt hus, Jakob bur i første etasje, og Neikob i andre, men kven skal bu på loftet?

Vennene møter mange på sin veg som kanskje kan bu på loftet deira. Kva med ein snømann, kan han bli ein god sambuar? Eller kva med ein engel, eller ein nisse?

Å finne ein god sambuar er ikkje enkelt, og etter kvart endar den gode vennskapen i krangel, plutseleg er bestevennene blitt verstevenner. Korleis kan dei finne ut av dette og likevel vere gode venner?

Boka tek føre seg dei store spørsmåla om vennskap, korleis ein kan løyse konfliktar, og jula som høgtid. Borna blir presenterte for store og viktige tema på ein jordnær, humoristisk og vakker måte. Biletbøkene til Kari Stai er enkle, varme og tidlause i tema. Teikningane er store, fargerike og rause. Bøkene om Jakob og Neikob passar godt til høgtlesing.

 

Av Kari Stai, Samlaget 2014

 

Lik Framtida.no på Facebook: