Dei tre forfattarane som står bak dei populære monster-bøkene er alle får ulike land; Helmsdal er frå Færøyane, Güettler er frå Sverige og Jónsdóttir er frå Island. Tove Bakke har gitt bøkene norsk språkdrakt.

Gjennom tidlegare utgåver der monstra har blitt mørkredde, fått monsterpest eller slite med å vise kjenslene sine, har me blitt godt kjende med Veslemonster og Storemonster. Monstra er gode vener, men likevel kan dei bli sinte på kvarandre. I denne boka kranglar dei om kva dei skal leike: medan Veslemonster helst vil hoppe paradis, vil Storemonster heller fiske. Men kva skjer når dei ikkje blir samde? Kva skjer når Veslemonster blir så sint at han slår til Storemonster, bestevennen sin? Kan dei klare å bli venner igjen?

Forfattarane har klart å skape eit eige univers der monstra er bråkete og litt vanskelege, men alltid godhjarta. Og bestevenner er dei uansett kva som skjer eller kva dei seier til kvarandre. 

Bøkene kan lære oss mykje om venskap og om korleis ein kan løyse konflikter på ein god måte, utan å ty til krangling eller vald.

Teikningane som Jónsdóttir har laga er passe mørke og spanande, men heile tida er det små fargerike element som dukkar opp, til dømes Veslemonster sine knallraude sko. Medan Veslemonster tykkjer Storemonster går rundt i grøne klønesko, meiner Storemonster skoa til Veslemonster er raude babysko.  Teikningane til Jónsdóttir seier også mykje om handlinga: når kranglinga er over og monstra er blitt venner igjen, skin sola og ein fargerik regnboge kjem fram i illustrasjonane.

Av: Àslaug Jónsdóttir, Kalle Güettler og Rakel Helmsdal

Skald 2014

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: