Dette er oppfølgjaren til biletboka Eg og Pontus går for gull som Odd Nordstoga og illustratør Rune Markhus gav ut i fjor. Også i denne boka reiser Eg og Pontus ut på ei fantasirik reise, denne gongen til ein by der der det berre er kaos og inga styring. Ingen legg merke til at Eg og Pontus vil underhalde innbyggjarane med musikken sin. Kva kan ein gjere med det?

Historia er skriven med både rim og rytme, noko som gjer at ein nesten kan syngje seg gjennom heile handlinga. Ideen er god og rytmen i språket er taktfast, kanskje fungerer dette rimet endå betre enn det gjorde i den første boka om Eg og Pontus.

 

Historia om den kaotiske byen der kaptein Snusk styrer skuta er eit lite fyrverkeri av action, dramatiske eventyr og ei klassisk historie der det positive og gode vinn over kaoset. Det er eit tydeleg vendepunkt i historia då Eg og Pontus treff ei lita jente med rustraudt hår som blid og smilande ynskjer dei velkommen til byen. Ho fortel om skulen som berre har frikvarter, banksjefen som ukritisk ausar ut pengar og kyrkjetårnet som heng på skeiva.

Kaptein Snusk likar ikkje at jenta som heiter Stella pratar imot han, og dermed er dramatikken i gang. Kan Eg og Pontus klare å redde både Stella og byen?

Boka passar for born frå tre år og oppover.

 

Av Odd Nordstoga
Illustrert av Rune Markhus, Gyldendal 2014

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: