Ny barne-tv serie frå NRK Sogn og Fjordane har premiere på NRK Super tysdag 3. februar.

 

Serien handlar om seks år gamle Marit Krakset og det fargerike dyrelivet på Hakallegarden i Vanylven. Serien vil vise norske barn både glede og sorg ved gardsliv.  Den store gleda når dyr blir fødde, sorga når dyr Marit er glad i døyr og fortvilinga når dei vaksne bestemmer kva dyr som skal til slakteriet for å bli mat.

Det skjer alltid noko på garden der Marit bur. Ein gong vart ho kasta av hesten, så ho braut armen. Då grisen Linda skulle få besøk av kjærasten, slost grisane så fælt at ho var redd det skulle gå gale, og då dei vaksne serverte kalkun frå garden til middag, då protesterte Marit! Den finaste dagen i året meiner Marit er dagen når alle dyra slepp ut av fjøset om våren, hoppande glade. Eller når ho overnattar i fjøsen mens ho ventar på at esel, lam eller kalv skal bli fødde, eller når ho får vere med geitebukken, Piggen på ferjetur!

NRK Sogn og Fjordane har laga serien, som er på åtte episodar. Den første episoden skal gå tysdag 3. februar i Barne-TV og totalt blir det åtte episodar tysdagar i februar og mars.

Ansvarleg for serien er producer, Eva Westvik og fotografane Arne Stubhaug og Ole Andre Rekkedal. Det same teamet, som tidlegare har laga seriar som, Her er eg og Klart eg kan. Arbeidet med den nye dokumentarserien om Marit Krakset tok til i mars og vart avslutta i desember i fjor.

 – Det var eit fargerikt år i lag med ei svært tolmodig jente og mange fine og artige dyr, seier Eva Westvik, som håpar resultatet vert til glede for både ungar og foreldre.

Lik Framtida.no på Facebook: