Den nynorske barnelitteraturen si superstjerne blir festivalforfattar.
Maria Parr kjem til Vossa Jazz laurdag 28. mars som ei del av markeringa av at ho blir festivalforfattar på Stord i november.
Maria Parr debuterte med boka Vaffelhjarte i 2005, og vart mellom anna nominert til Brageprisen. I 2009 følgde ho opp med Tonje Glimmerdal som ho blei tildelt både Brageprisen, Kritikarprisen og Teskjekjerringprisen for. I 2010 vart Tonje Glimmerdal kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit. Begge bøkene hennar er blitt til teater og Vaffelhjarte er blitt ein svært populær Tv-serie. Bøkene til Parr er no blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Historiene om Tonje, Gunnvald, Trille og Lena har rett og slett fengsla både store og små over heile verda, med varme, humor og energi.
LES OGSÅ: I kø for Maria Parr i Berlin
– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er svært rik og variert, nynorske barnebokforfattarar mottek prisar i hopetal, men diverre er det langt igjen før bøkene har det publikummet dei fortener. Det er vanskeleg å nå ut til lesarane, både bokhandlarar og bokklubbar prioriterer bokmålsbøkene, og mange har ei oppfatning av at det ikkje finst noko særleg litteratur på nynorsk, seier festivalleiar Roald Kaldestad. Falturiltu vil formidla denne litteraturen, og gjera han meir kjend.
Støtta av Kulturrådet
Det blei i dag klart at Kulturrådet gjev 155.000 til Falturiltu både i 2015 og 2016. Dei er dermed den einaste litteraturfestivalen som får toårig støtte i denne søknadsrunden.
– Me tar dette som ei stor tillitserklæring, og lovar å lage eit fantastisk program i veke 45, seier Roald Kaldestad.
LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?