NRK Sogn og Fjordane feirar premieren for den femte sesongen av suksessen Klart eg kan. Med den nye sesongen er det blitt produsert heile 63 episodar av den populære serien.

 

Prosjektleiar Kjellrun Lavik er kry over det ein har fått til ved eit lite miljø ved NRK Sogn og Fjordane

– Vi er stolte over å sjå korleis ekte kvardagslege historier om vanlege ungar når ut til publikum år etter år.

Serien handlar om mot og meistring og viser ungar som skal klare noko.

Nytt av året er at ein prøvar å fortelje litt nye historier om det å vere modig.

– Vi ser at mot ikkje berre handlar om å tørre noko vanskeleg som å dykke eller stå på vannski. Men også å vere sjuk og tørre å la seg undersøke på sjukehus krev eit mot vi vaksne av og til ikkje tenkjer over seier Lavik

Denne sesongen inneheld til dømes den sterke historie om Rakel Helene Torvnes Rosnes frå Ålesund som har gått til kreftbehandling. I tillegg får ein møte barn som får sett inn høyreapparat, lever med ryggmargsbrokk, trekkjer ei tann eller overvinner sprøyteskrekk.

– Det blir kjekt å presentere desse og alle dei 16 episodane for ungar over heile Norge, eg trur dei kan både underhalde og inspirere seier Lavik.

Sendedato Klart eg kan 5:

1.     Nora Nyhammer-Taklo (Nordfjordeid): Trekke tann, 06.10.2015

2.     Matheo Brandsøy (Florø): Besøke ein ven, 13.10.2015

3.     Guro Heggholmen (Bergen), Ri på hest, 20.10.2015

4.     Rakel Helene Torvnes Rosnes(Ålesund), Leve med kreft, 27.10.2015

5.     Frei Tonning (Stryn), Fridykking, 03.11.2015

6.     Teodor Levik Aamot (Førde), Ta sprøyte, 10.11.2015

7.     Anna Elise Førde (Ålfoten, Få høyreapparat, 17.11.2015

8.     Selma Andersson (Nordfjordeid),  Lage rakfisk, 24.11.2015

9.  Marta Monsen (Fagernes),  Hundekøyring, 05.01.2016

10. Lina Fagermo Ulla (Ålesund) Rytmisk sportsgymnarstikk, 12.01.2016

11. Eyvin Bøkenes (Lærdal), Lage animasjonsfilm, 19.01.2016

12. Malou Kvalheim (Kvalheim), Overnatte i snøhole, 26.01.2016

13. Johanna Dalsbø Tøsse (Volda), Fly småfly, 02.02.2016

14. Sverre Olai Savland (Vassenden), Vasski, 09.02.2016

15. Bjørn Peter Bergheim-Helgesen (Nordfjordeid), Bretur, 16.02.2016

16. Mathilde Skuggen Flaten (Førde), Overnatting i barnehage, 23.02.2016

SJÅ ALLE EPISODANE HER!

Lik Framtida.no på Facebook: