I løpet av eitt år har lokallag i Noregs Mållag delt ut nynorske barnebøker til over 150 barnehagar over heile landet.

Prosjektet er ein del av kampanjen «Gjennom ord blir verda stor», som handlar om meir nynorsk og språkleg medvit i barnehagane.

– At born møter nynorsk frå dei er små, er viktig for språkutviklinga og haldningane til nynorsk, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Barnehagane driv i større grad enn før språkopplæring med ulike aktivitetar som stimulerer språket. I mange barnehagar i nynorskområde går språkstimuleringa føre seg på bokmål. Dette gjev nynorskungane eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart enn ungane som skal lære bokmål, og gjev nynorskungane ein svakare språkleg identitet, seier Marit Aakre Tennø.

Difor har lokale mållag kjøpt bokpakker frå Samlaget og Skald, som dei har gjeve i gåve til barnehagar i nærområdet sitt. Det er lokallaga sjølve som står for finansieringa. Så langt har over 150 barnehagar fått bokpakker, og godt over tusen nynorske barnebøker er blitt delte ut.

I dag, tysdag 1. mars, er det nasjonal barnehagedag med språkstimulering som tema, og fleire lokale mållag vil nytte høvet til å gje ei nynorsk barnebokgåve til barnehagane.

Pedagogisk leiar Mariell Haugland tek imot nynorske barnebøker frå Askøy Mållag og nestleiar Hans Birger Drange (t.v) og leiar Erlend Bakke. Fireåringane Herman (t.v) og Simen er glade for gåva.

Lik Framtida.no på Facebook: