– Eg betaler NRK-lisens med glede!

 

Du tenkjer kanskje at det var ein merkeleg ting å seie. Eg skal fortelje deg kvifor. Kvar gong eg betaler lisensen, tenkjer eg at det gjer NRK Super i stand til å produsere mange ulike program. Dei lagar dokumentarseriar om born og viser mangfaldet i barnekulturen, dei tek borna på alvor, har «ekte folk» i tillegg til animasjonsfilmar og liknande, og ikkje minst har dei mange program med nynorsk tale og ulike dialekter.

NRK Super slår seg ikkje til ro med at programmet er underhaldande. Dei vil vere med på å spegle mangfaldet i samfunnet og å gjere barn trygge på seg sjølve. Språket er ein viktig del av identitetsbygginga. Det som vert løfta fram og gitt merksemd gir eit signal om kva som er viktig. Når NRK Super brukar nynorsk, bokmål, dialekter og ulike andre språk, ser den vesle TV-sjåaren at «språket mitt er viktig». Ein som er trygg på at språket han/ho brukar er akseptert, nyttig og verdifullt, vil heller ikkje ha problem med å bruke det seinare. Det kokar eigentleg ned til å bli eit viktig demokratisk prinsipp: Gje barna god språkleg sjølvkjensle, slik at dei kan bruke språket sitt til å seie kva dei meiner.

Dei siste åra har NRK Super gjort ein stor innsats for å auke nynorskandelen for dei yngste sjåarane. Mange teiknefilmar vert dubba på nynorsk, det vert laga fleire norskproduserte seriar med nynorsk tale, og i fjor lanserte NRK Super-gjengen ein nynorsk julesong. Alt dette er heilt topp! Fleire seriar, filmar og songar med nynorsk tale gir fleire minutt med nynorsk språkstimulering. I tillegg er dei fleste seriane og filmane tilgjengelege på nettet lenge etter at dei vart viste på TV første gongen. Dette gjer det mogleg å bruke dei privat og i undervisingssamanheng når det måtte passe.

Språket vårt, både tale og skrift, vert påverka av det vi høyrer og les. Ingeborg Mjør har sagt det så fint: Barn må få møte den nynorske skriftnormalen og det nynorske lydbiletet, slik dei kvar dag møter bokmål. Dei må få høyre ordformer som «eg», «dei», «heim», «hugse», «tenkje», «drøyme» osb. Dei yngste barna les ikkje sjølve enno. Dei møter nynorsk tekst gjennom øyra, og derfor er det så viktig at også barne-TV formidlar nynorsk tekst munnleg. Slik byggjer dei bru mellom den munnlege daglegtalen og skriftspråket borna skal lære på skulen.

Eit variert tilbod av filmar og seriar, på både dialekt, bokmål og nynorsk, gjev barna verdifull språk-ballast og eit stort register. Så, i dag er det tid for å gje NRK Super ein blome og ein klapp på skuldra for godt språkarbeid. Ikkje stopp no.

«Denne teksten vart først publisert på iver.nynorsksenteret.no»

Lik Framtida.no på Facebook: