Bjørn Sortland, Tore Renberg, Selma Lønning Aarø, Sigrid Moldestad og Daniel Kvammen er blant toppnamna når Falturiltu – verdas einaste nynorske barnebokfestival – fyller ti år!
Falturiltu er den første og einaste nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen i Noreg – og samstundes den største barnebokfestivalen i Noreg. I fjor sette Falturiltu rekord med 5700 publikummarar.
Festivalforfattar Bjørn Sortland vil vera tilstades under heile festivalen, 5.-12. november, og det er hans tekstar som har vore inspirasjon til temaet kjærleik, som er den raude tråden i årets festivalprogram.
Sortland blir blant anna å treffa på den store opningsframsyninga, søndag 6. november, der Sigrid Moldestad også framfører nokre av sine vakraste kjærleikssongar i unikt samarbeid med songarar og dansarar frå Stord kulturskule. Det blir utstilling med eit utval bilde frå Sortland sine biletbøker, av illustratørane Øyvind Torseter og Hilde Kramer, ein kan gå spanande opplevingsløype på HSH i Jakta på forteljinga, torsdag 10. november blir det stemnemøte mellom Olaug Nilssen og Bjørn Sortland på Sunnhordland museum, og fredag 11. november er Sortland og Daniel Kvammen gjester i Finn Tokvam sitt musikalsk-litterære show Folk & Finn. Arrangementet 3 forfattarar og 1 band engasjerer også i år alle dei tre ungdomsskulane på øya, og denne gongen er det Ingelin Røssland, Terje Torkildsen og Bjørn Sortland som blir bokbada av elevane.
For vaksne og unge
Tore Renberg kjem med sin første roman på nynorsk denne hausten, og tysdag 8. november tek han med seg boka og gitarist Alexander Flotve til HSH på Rommetveit. Dette arrangementet passar for både vaksne og unge, og det gjer også forestillinga Fortvila kreps på turne, der me blir tekne med på ei reise tilbake til åttitalet med Selma Lønning Aarø og Trio Vest. Kvartetten turnerer sju bibliotek i Sunnhordland.
Om ein vil røra seg litt kan ein både gå Dustefjerturiltur i Vidsteenparken saman med Barnas turlag og Rune Belsvik, få trent skotfoten på Ballturiltu, bok- og fotballfest, dansa seg sveitt på Katturiltu, bok- og kattefest, eller gjera ville påfunn saman med Mamma Blekksprut på Spinae Company.
Mange involverte
Elevar ved Stord kulturskule er involverte i ei rekke arrangement, og dei kjem i tillegg med oppfølgaren til suksessoppsetjinga Måneskinnsoldaten frå 2014.
Ragnar Hovland, Atle Hansen, Hans Sande, Trio Hest mfl. blir å treffa under tittelen Vaksne menn til hest, på Osvald pub, laurdag. Hovland og Sande vitjar også LivOGLyst sitt familiearrangement på Litlabø tidlegare same dag.
Tradisjonen tru, blir det også fagleg seminar på Høgskulen Stord/Haugesund, avd. Rommetveit, i år utvida til to dagar, der fredagen har særleg fokus på formidling til dei yngste borna. Dette er ei retteleg gåvepakke for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.
Les meir om barnehageseminaret her!
Frå debutantar til veteranar
Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer besøker alle tredjeklassingane på Stord, med den siste biletboka si Dronninga kallar. I tillegg blir det ei lang rekke forfattarbesøk og -samtalar både i barnehagar, biliotek og på skular med bl.a Ruth Lillegraven, Rune Belsvik, Anders Totland, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Anna R. Folkestad, Per Jan Ingebrigsten, Atle Hansen og Hans Sande. Dei eldste får også barne- og ungdomsbokforfattarar på besøk, i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken, både debutanten Anders Totland og Oskar Stein Bjørlykke.
Veka blir avslutta med spenstig forteljarkunst og drivande jazz med Agnes Ravatn og Christina Bjordal, i Bømlo kulturhus. Dette er eit samarbeid mellom Falturiltu, Bømlo kommune og Bømlo folkebibliotek.