Seminarpakke om nynorsk barnelitteratur og formidling.

 

Torsdag 10. og fredag 11. november kan Falturiltu tilby ei retteleg gåvepakke til alle som er opptekne av litteraturformidling for born og unge, og her er litt for dei vaksne òg.

Det er høve til å delta ein eller begge dagar, programma står på eigne føter, og for dei som deltek begge dagar har me underhaldning på kveldstid i tillegg.

Toppar laget
Torsdagen kjem blant anna Ruth Lillegraven for å snakka med norsklektor og tidlegare barnebokredaktør Petra Helgesen om formidling av lyrikk for barn og ungdom.

Kristin Ørjasæter, direktør for Norsk Barnebokinstitutt, kjem og det same gjer festivalforfattar Bjørn Sortland.

Pål Brekke Indregard fortel om korleis metode og filosofiske samtalar med barn kan leggja grunnlaget for gode forfattarbesøk i skulen, og Foreningen Les! fortel om den nynorske leseaksjonen Tid for ti.

Seminaret er retta mot formidlarar av barnelitteratur, som lærarar, bibliotekarar og andre.

Les meir på http://www.falturiltu.no/seminar/

Barnehageseminar

Kvifor og korleis driva med språkstimulering og litteraturformidling i barnehagen i område der nynorsk er opplæringsmål i skulen? Det får du vita om du deltek på barnehagedagen under Falturiltu. Du får òg mange nyttige tips frå dei ni kommunane som har delteke på Nynorsksenteret sitt pilotprosjekt Nynorske lesefrø.

Forfattar Anna Rommetveit Folkestad kjem og Eli Bjørhusdal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane snakkar om nynorsk i barnehagen.

Elisabeth Brekke Stangeland og Thomas Hammerø frå Lesesenteret i Stavanger fortel om språkløyper og me får forteljingar frå pilotkommunane. Mellom anna.

Og ikkje minst: du kan bli med på bursdagsfest for Pirion.

Seminara er eit samarbeid mellom Falturiltu, Høgskolen Stord/Haugesund, Nynorsksenteret, LNK, Framtida.no og Pirion.

Meld deg på seminara her!

Lik Framtida.no på Facebook: