«Vil du vera venen min? Barnesangboka for Hallingdal» er ei bruksbok som rekk vidt ikring – og inspirerer vaksne og barn til å ha det gøy med song og regler.

 

Buskerud Mållag, Gol Mållag, Hemsedal Mållag, Hol Mållag og Ål Mållag gav nettopp ut ei perle av ei songbok.

Arne Moslåtten, tidlegare Hellbillies-låtskrivar og -medlem, har vore redaktør for boka. Han har fått hjelp frå Inger Marie Lien Rus og Ingjerd Almås Anfinset til å plukka ut dei 71 songane og ni reglene i boka.

I forordet til boka skriv Moslåtten at dei har valt songar som dei trur kan vera morosame, og som barna kan lika å syngja. Det synest dei å ha lukkast veldig godt med.

Ein del er tradisjonelle songar henta frå folkemusikken, ein del er kjente og kjære barnesongar som har fått språkdrakta si normalisert til halling eller nynorsk. Det er også ein del nyskrivne songar, gjerne med rot i Hallingdal. Arne Moslåtten har bidratt med melodi eller tekst til 17 av songane.

Alle songane har notar. I tillegg er nesten alle besifra, slik at ein kan bruka instrument til å akkompagnement til songane. Men om du ikkje kan lesa notar eller spela, så treng du ikkje frykta: det følgjer med ein CD der Inger Marie Lien Rust syng og lærer deg melodien på alle songane.

Til songane har Ingunn Wiken laga morosame og livlege teikningar.

«Vil du vera venen min? Barnesangboka for Hallingdal» bør gjera alle hallingar stolte over songskatten sin. Men boka rekk vidare enn Hallingdalen – ho burde rett og slett å vera allemannseige!

Lik Framtida.no på Facebook: