Bruker du rett tempo og toneleie er det lettare å få borna til å syngja med, viser fersk doktorgrad.
mm

– Målet er ikkje at barna skal bli så flinke til å syngja. Det handlar om å knyta band, om meistring, om å trena på språk og læra omgrep, læra om kjensler. Det er så mykje som kan lærast gjennom song, seier musikkterapeut Lise Lotte Ågedal til Forskning.no.

Ho har nyleg tatt doktorgrad om korleis song kan læra born å snakka betre. Eit nyttig triks for å få barna med i songen er at den som leier songen bruker eit lyst toneleie som er tilpassa barn.

LES OGSÅ: Songane som samlar eit land

Det kan også vera lurt å syngja saktare enn du pleier, oppmodar musikkterapeuten.

Dersom borna likevel droppar ut i songen og ikkje greier å hengja med, har Ågedal dette rådet:

– Viss barnet stoppar opp, gjer eg det også. Eg held tonen og gjev barnet den første lyden i det neste ordet. Det er eit signal om at barnet skal bli med vidare i songen, seier ho.

LES OGSÅ: Nynorske barnehagar syng mest på bokmål

Oppdatert: laurdag 13. oktober 2018 09.22

Lik Framtida.no på Facebook: