Det er ikkje få foreldre og barn som har bladd og lese i barnebøker illustrert av Inger Lise Belsvik.
Borghild Gudmestad/Sandnesposten
Borghild Gudmestad/Sandnesposten

ILLUSTRATØR: Illustratøren, grafikaren og teiknaren frå Sandnes har over tretti illustrerte barnebøker bak seg. Ho er blitt kjend for sine leikne og uttrykksfulle illustrasjonar. Belsvik har ein lang karriere bak seg. Nå blir det også jubileumsutstilling.

– Eg har alltid teikna. Eg var den jenta som var flink til å teikna, men eg tenkte aldri at det kunne bli ein skikkeleg jobb.

Men det blei det. Ho har gitt liv til mange forfattarar sine ord med sine fine strekar, der ulike tema er gitt liv. Mange av bøkene er gitt ut på Samlaget.

– Det er veldig spennande med alt som blir tatt opp i barnebøker. I boka «Kort til ein engel» er temaet død. Nå liker eg godt å illustrera faktabøker, fortel ho.

Belsvik har også forfatta barneboka «Spring, hesten, spring», der ho sjølv står for tekst og teikningar.

Ho kjenner seg ganske fri som teiknar.

– Eg får manuset frå forfattaren, og får som regel veldig frie hender. Det hender også at eg samarbeider med forfattaren undervegs.

BOK: For nokre år sidan gav ho ut si eiga barnebok «Spring, hesten, spring!» der ho også forfatta innhaldet.

Jubilerer

Til helga blir det stor utstilling med mange av hennar strekar på Kinokino i Sandnes. Då blir det 25-årsjubileum for alle åra som illustratør. I tillegg vil det bli stilt ut verk av nærare 25 andre illustratørar. Handlaga illustrasjonar og dyr er motivet i denne utstillinga.

Belsvik har også drive med formidling av litteratur og illustrasjon så lenge ho har arbeidd som illustratør. Det har blitt mange føredrag og verkstader for barn og vaksne.

– Eg gjer også dette for å auka respekten for illustrasjonsarbeidet.

– Kva forskjell er det i å teikna for barn og vaksne?

ULIKE TEMA: Boka «Verdas søtaste turist» handlar om korleis barn blir til. Rune Belsvik forfatta boka, Inger Lise Belsvik står for teikningane.– Eg trur ikkje det er forskjell, utanom sjølve motiva, kanskje. Ein er i same situasjon både plassar: ein skal formidla noko. Ofte er det å prøva å få fram ei tolking av ein tekst, alltid er det å prøva å leggja noko til, utvida teksten, gje teksten ein vegg å spretta mot.

Kor hentar du inspirasjonen i frå?

Det kan vera å gå ein tur og få auge på ei rar sky, ein uventa måte eit tre kastar skugge, få eit smil frå ein framand. Elles er det å sjå i kunstbøker alltid inspirerande. Eg likar ekspresjonistane, naiv og primitiv kunst, tresnitt. Eg ser også på andre illustratørar. Det er mange ekstremt gode illustratørar i Norge!

Kva er noko av det kjekkaste arbeidet du har gjort?

– Noko av det kjekkaste er å illustrera dikt. Eg har vore heldig og illustrert mange av dei «gode, gamle klassikarane», som Vesaas, Moren Vesaas, Olav H. Hauge, Arne Garborg. Det som er så kjekt med det er at du begynner på nytt for kvart dikt. Så og seia med blanke ark! Du treng til dømes ikkje ta omsyn til at personar må likna på seg sjølv gjennom ei heil bok, du har ein heilt ny situasjon for kvar gong du blar om til ei ny side, eit nytt dikt.

– Kva har du lyst til å gjera meir av framover?

– Eg likar godt å jobbe med grafikk, då særleg linosnitt. Det vil eg gjerne gjera meir av, og då helst i ei ny diktsamling.

Barna synest ofte det er stas å møta Belsvik på ekte når ho ute og jobbar.

Kva slags tilbakemeldingar kan barn gje på det du teiknar?
– Ofte synest dei det er stas å møte ein ekte illustratør, og når eg viser teikningar eg har laga synest dei eg er flink. Særleg moro er det viss eg teiknar medan dei ser på. Men i og med at eg har ein naivistisk og gjerne stilisert stil, der eg tilstrebar å ikkje teikna «korrekt» eller naturalistisk, har det òg hendt at nokon har spurt kvifor eg har laga den streken så skeiv, eller kvifor eg har «slurva» med ei teikning.

Flytta heim

For halvtanna år sidan pakka ho og dottera livet i Oslo saman for å flytta tilbake til Rogaland. Nå bur familien på Bryne og stortrivst. Sonen studerer i Oslo.

– Eg har alltid lengta tilbake til Jæren. Eg er veldig fornøgd med å ha flytta heim, smiler ho.

Men ho innrømmer at det hender at ho også lengtar litt tilbake til Oslo. Men det er her ho kjenner seg heime nå.

– Det er så fint her. Eg elskar naturen rundt meg.

Ho har heimekontor som ho jobbar frå.

Utstilling

Utstillinga på Kinokino opnar 14. januar. I februar blir det Nordisk barnelitteraturkonferanse i Stavanger.

– Dermed har det blitt ei kopling her, og deltakarane på konferansen er inviterte hit til utstillinga.

Fram til då jobbar Belsvik med utstillinga og nye prosjekt.

TUSSALUSI: Tussalussi Bever er ein karakter frå boka «Når Tussalusi kviskrar».

FAKTA:

Inger Lise Belsvik

* Fødd i Sandnes i 1961, utdanna i England og i Oslo.

* Har illustrert over tretti barnebøker, mest biletbøker, diktsamlingar og fagbøker.

* Har fått fleire prisar og nominasjonar. Ho har mottatt Kulturdepartementets illustrasjonspris to gonger, Gull og sølv i Årets vakreste bøker med fleire andre utmerkingar.

* 14. januar feirar Belsvik 25 år som illustratør med retrospektiv utstilling på Kinokino i Sandnes. 25 andre illustratørar stiller også ut.

Oppdatert: laurdag 13. oktober 2018 09.20