mm

Studentar som har arbeidd med nynorske barnebøker i studietida, får meir positive haldningar til å bruka nynorsk barnelitteratur i barnehagen, går det fram av ny undersøking. 

I studiet på barnehagelærarutdanninga er det eit krav at studentane må innom nynorsk barnelitteratur. Etter å ha arbeidd med ei nynorsk biletbok og testa arbeidet på barn i barnehage, konkluderte studentane i undersøkinga med at det å bruka nynorsk barnelitteratur ikkje var så vanskeleg som dei hadde trudd.

– Fleire av studentane seier at dei kunne tenkja seg å halda fram å lesa biletbøker på nynorsk for barn i barnehagen, seier høgskulelektor Hilde Dybvik ved Høgskolen i Oslo og Akershus til Forskning.no.

Ho står bak undersøkinga om haldningane barnehagelærarstudentar har til nynorsk barnelitteratur og gler seg over funna.

Kvalitet på nynorsk

– Dersom studentane er meir positive til å lesa nynorsk barnelitteratur i barnehagen, vil dette gje dei fleire bøker å velja mellom, seier Hilde Dybvik, og peikar på at mange av dei nynorske barnebøkene er gode, prislønte barnebøker.

Sidan 2000, har Brageprisen for beste barnebok gått til åtte nynorske barnebøker.

– Positivt å møta nynorsk tidleg i livet

Studentane trekk også fram at nynorsk er ein viktig del av språkmangfaldet i Noreg. Synleggjering av fleire språk, inkludert det nynorske skriftspråket, vil kunne bidra til toleranse ved å auke aksepten for språkleg .

Hilde Dybvik ser det også som positivt at barna får møta nynorsk tidleg i livet.

Studentane i undersøkinga var likevel usikre på om nynorske barnebøker eignar seg for barn og vaksne med eit anna morsmål enn norsk.

– Samtidig trur dei fleste studentane at barna fekk like mykje ut av lesestunda som om boka hadde vore på bokmål, seier ho.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.25