mm


Det Norske Samlaget blir 150 år i 2018. Forlaget feirar den nynorske litteraturen blant anna med eit stort digitalt Nynorsk lesedøgn

 

Nynorsk lesedøgn har nylig fått støtte over revidert nasjonalbudsjett, og vil gå ut som eit tilbod til alle landets grunnskular i jubileumsåret.

Samlaget har i fleire år jobba for å gjere tilgjengeleg store delar av forlagets bøker til barn og unge digitalt. Appane Samlaget Barnebøker og lettlesuniverset Leseland har alt vore tilgjengelege ei stund. Til hausten blir Lesemeister, ein sosial digital lesearena for barn på norsk, lansert. Tenesta vil bli den første i sitt slag i Noreg,og er alt i testing på førti skular både i nynorsk- og bokmålsområde. Nynorsk lesedøgn vil finne stad på Lesemeister.

Administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard seier dette i om satsinga:

– Dette blir eit kjempeløft. Vi gler oss til å invitere heile skule-Noreg til nynorskfest. Skulen er den viktigaste arenaen for språkleg forståing og mangfald, og vi skuldar ungane våre å få oppleve den beste litteraturen uansett språk. At vi nå får eit Nynorsk lesedøgn i grunnskulen vil bidra til å auke språkleg forståing og toleranse, seier Austigard i ei pressemelding.

At prosjektet etter initativ frå Venstre kom inn på revidert nasjonalbudsjett var avgjerande for å tilby dette til skular i heile landet, seier Austigard.

– Stor takk til Venstre som tek arbeidet med like rettar for barn på alvor og sikrar Nynorsk lesedøgn. Venstre viser med dette at dei er opptatt av det norske språket, og av alle barns rett til å lære å lese, skrive og forstå kvarandre.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.23

Lik Framtida.no på Facebook: