mm
Den nye boka til Maria Parr er no selt til åtte land.

Keeperen og havet er selt til Belgia, Frankrike, Italia, Russland, Danmark, Estland, Sverige og Tyskland allereie før boka har kome ut her heime.

Keeperen og havet har lanseringsdato 16. august og er ein frittståande oppfølgjar til Parrs debutbok Vaffelhjarte. Hovudpersonane Trille og Lena har blitt litt eldre, og møter nye utfordringar. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene.

Parr har opplevd ein eventyrleg suksess med bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, som har blitt ståande som klassikarar i den norske barnelitteraturen. Både lesarar og kritikarar har omfamna historiene om barna på den norske vestkysten, fortald med eit uvanleg driv og stor empati. Ho er også blant dei norske forfattarane som sel mest til utlandet. Vaffelhjarte er selt til 28 land og Tonje Glimmerdal er selt til 20 land.

Tonje Glimmerdal kjem ut i England og USA i november i år med tittelen «Astrid the unstoppable». I Russland er ho også svært populær med nesten 60 000 selde av Vaffelhjarte. Ho har vunne mange prisar i inn og utland, m.a. for beste barnebok i Italia og Tyskland, og her heime fekk ho Brageprisen og Kritikarprisen for Tonje Glimmerdal. Begge bøkene har i tillegg vore på teaterscena og NRK har laga TV-serie av Vaffelhjarte.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.23

Lik Framtida.no på Facebook: