mm

Suksessforfattaren med første barnebok på nynorsk.

 

Med Napoli-kvartetten har Elena Ferrante tatt Noreg og resten av verda med storm. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante. No kjem den kritikarroste forfattaren med ei barnebok på nynorsk.

Celina er favorittdokka til Mati. Ein dag dei leiker på stranda, får Mati ein kattunge av faren. Ho blir så oppslukt av den at ho gløymer å ta Celina med heim. Celina blir etterlaten på stranda om natta, i selskap med trugande vesen som Bademeister Grusom og Store Rive med dei skumle tennene av jern.

Etter nattas mange farar blir Celina uventa løfta opp frå sanden. Det er kattungen som har sprunge ut for å finne henne.

Natt på stranda er ei illustrert historie fortald av dokka Celina. Dei nattlege opplevingane byr på møte med sterke, grunnleggjande kjensler som sjalusi, frykt og kjærleik.

Boka er omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal, som òg har omsett dei andre Ferrante-bøkene til nynorsk.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.19

Lik Framtida.no på Facebook: