Nettsida vart lansert denne veka. Og om berre nokre veker kjem også verdas første nynorske papiravis for barn i heile landet.
– Me vil laga eit tilbod som er så spennande og godt at barna vil ha lyst til å bruka det i fritida – og så lærerikt og bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønska at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.
Den nynorske nettstaden for born mellom 7 og 13 år vil ha nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for barn over heile landet.
Vil høyre di stemme
I dag møtte Svein Olav elevar på Sagvåg skule på Stord, der han viste fram nettsida, og fortalte litt om kva som skal skje framover. Framtida junior ønskjer seg mellom anna meiningar frå alle som er opptekne av noko dei synest er viktig. Ungane på 5. , 6. og 7. trinn i Sagvåg har mange meiningar dei vil skrive om.
– Hugser de den kvalen som hadde mange plastikkposar i magen sin? spør Svein Olav.
– Ja!
Alle svarar i kor. Det er tydeleg at dette er noko dei har snakka om.
– Det kan de skrive lesarbrev om, fortel redaktøren.
Ein gut som sit i amfiet seier at den saka var forferdeleg.
– Me må også stoppa mobbing, seier ei jente på tredje rad.
– Ja, det er også eit viktig tema. Det kjem faktisk eit lesarbrev om mobbing av aller fyrste utgåve av papiravisa, fortel Svein Olav.
Stort behov
Ei undersøking på barneskular i nynorskområde, viser at 97 prosent av kontaktlærarane ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk.
– Dette viser at det er eit stort behov for fleire tilbod på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker
Startar papiravis
Første helga i november kjem Framtida junior som papiravis.
Lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland er alle med på samarbeidet med LNK og Framtida.no.
– Eg er utruleg glad for at Noregs beste lokalaviser er med på denne satsinga, seier Svein Olav B. Langåker.
Papiravisa vil vera ei abonnementsavis som kjem ut kvar 14. dag, med nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, teikneseriar, kvissar og mykje anna unikt, interessant og kjekt innhald.
– Me vil ta barn og unge på alvor, og bidra til å visa fram og styrka engasjementet deira, seier redaktøren for barnesatsinga.