«Vi er mange som kunne lært litt av livet i barnehagen», skriv Maria Parr.
Maria Parr
Maria Parr

I dag vil eg slå eit slag for barnehagane. I barnehagen held ein hender to og to, på kryss og tvers og same kven ein er. I barnehagen går små fine og fordomsfrie menneske med store kjensler og enormt engasjement. Dei leikar med kvarandre, dei lærer av kvarandre og når livet er urettferdig og trehjulssyklane er for få, når alle vil vere sjef og ingen vil forstå, då ropar dei til kvarandre. Somme tider kan dei til og med skubbe, og til og med slå, medan tårene renn og grusen fyk og verda er ein urettferdig stad. Men i barnehagen stoppar det ikkje der. I barnehagen skal ein vere saman kvar dag, same kor forskjellige ein er. Og alle som har sett ein forgreten toåring med snørr og grus i ansiktet seie ”usyld” og gi klem til den som nettopp vart skubba og er like forgreten, dei veit korleis det skal gjerast. For neste dag skal dei halde hender igjen. Alle saman.

Vi er mange som kunne lært litt av livet i barnehagen.

Teksten er henta med løyve frå Facebook-sida til Maria Parr.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 20.54

Lik Framtida.no på Facebook: