Lars Mæhle kjem med si fjerde bok i serien Mysteriene i Kråkeslottet barnehage.
mm

Elin i Kråkeslottet barnehage skal lage suppe, og får hjelp av Mario, Aksel og Ada. Men plutseleg hyler Mario – han har skore seg. Elin trøystar og plastrar han. Då oppdagar ho kva som har skjedd. Brillene hennar er borte!

Men ikkje noko er umogleg for Leon og Live – Kråkeslottet barnehage sine eigne detektivar!

Hvem har tatt brillene? er tredje boka i serien Mysteriene i Kråkeslottet barnehage, utgjeven på Ena Forlag. Lars Mæhle har skrive ei spennande og morosam krimhistorie frå barnehagekvardagen. Forfattaren har lang erfaring med å komponera spennande krimbøker og thrillerar for både vaksne og ungdom, og viser at han òg klarer å skapa morosam spenning for dei minste.

Odd Henning Skyllingstad har illustrert boka på ein framifrå måte. Den mest observante kan oppdaga noko som liknar brillene på fleire av teikningane. Slik passar boka bra til å lesast høgt fleire gonger. Det er alltid gøy når ungane ser noko som den vaksne lesaren ikkje ser.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.23

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar