Interessa for Ingunn Thon si debutbok Ollis held fram. Evy Tillmann i Oslo Literary Agency fortel at dei nett har avslutta forhandlinga med det engelske forlaget Wacky Bee Books.
mm

– Ingunn Thons strålande litterære debut Ollis blei i rekordfart seld til fleire land. At boka no også skal ut i eitt av verdas viktigaste bokmarknadar, er stort. Ei engelsk utgjeving er også ein viktig døropnar for at boka skal nå endå fleire språkområde, seier Evy Tillman, litterær agent i Oslo Literary Agency i ei pressemelding frå Samlaget.

Boka er så langt seld til 6 språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk, tysk.

– Stor dag

– Det kjennest som ein skikkeleg stor dag, seier forfattar Ingunn Thon.

– Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle ende opp i dei britiske barnebokhyllene, som rommar så mykje fint. Ho kjem til å vera i ekstremt godt selskap!

Ingunn Thon arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Barne-TV. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.

Les bokmeldinga av Ollis: «Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 20.37

Lik Framtida.no på Facebook: