Bruker premiepengane på nynorske bøker for barn og unge etter å ha blitt kåra til Årets nynorskkommune i fjor.
– Me som er ein kommune som ligg på grensa til Haugesund, har behov for å stimulera nynorsken, seier kommunalsjef for skule, Solfrid Lier Habbestad.
Denne veka er ho og ordførar Jorunn Skåden rundt på skulane i kommunen og deler ut bokkassar.
Biblioteket og barnehagar i kommunen får også kassar med nynorske bøker.
– Me arbeider på fleire felt for å styrkja nynorsken, og me er stolte over vedtaket vårt om å gi opplæring til vaksne innvandrarar på nynorsk, seier ordførar Jorunn Skåden.
Kommunen er i ferd med å gi chromebook til alle elevar i skulen, og då arbeider dei for å gi elevane digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk.
I fjor innførte også kommunen kurs for foreldre i nynorsk, som den første kommunen i landet.